50 millionar kroner til marin bioprospektering

I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å setje av omlag 50 millionar kroner til marin bioprospektering.

Regjeringa lanserte nyleg ein strategi for marin bioprospektering, og strategien vert no følgt opp. I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å setje av omlag 50 millionar kroner til dette føremålet.

24 millionar kroner går over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett - ei fordobling frå 2009. Omlag 25 millionar kroner går over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett, som er ein auke på 7 millionar kroner frå 2009.

– Marin bioprospektering er eit område der Noreg har gode moglegheiter for å hevde seg internasjonalt. Regjeringa vil legge til rette for forsking og næringsutvikling for å utløyse det store verdiskapingspotensialet som ligg i dette strategisk viktige satsingsområdet, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

– Marin bioprospektering handlar om å utforske eigenskapane til marine organismar. Dette kan gi ny kunnskap som kan ha kommersielt potensial innanfor ei rekke næringar som til dømes farmasøytisk industri, næringsmiddel, fôr, kosmetikk, bioenergi og petroleumsindustrien. Satsinga på marin bioprospektering er ein del av Regjeringa sin nordområdestrategi, innovasjonspolitikk og strategi for marin sektor, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen.