Ikkje pengar til skipstunnel

Statsbudsjettet: Skuffinga er stor hos forkjemparane for Stad Skipstunnel, etter at regjeringa ikkje har prioritert pengar til tunnelen.

– Det er litt skuffande, sjølv om vi no har gledd oss over at det er sett av 200 millionar i Nasjonal transportplans andre periode frå 2015 til 2019. Men no når kvalitetssikringa skal vere like rundt hjørnet, så var det forventa at det også var teke litt høgde for nye løyvingar over statsbudsjettet, seier styreformann Jan Helgøy i Stad Skipstunnel, til NRK.

Og han får støtte frå leiar Jan Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

– Eg synest det er veldig beklageleg at det ikkje er sett av midlar til vidareføring. Når kvalitetssikringa er ferdig i løpet av 2009, burde det ha stått midlar klart, slik at det er klart til å byrje arbeidet når prosjektet har vore behandla i Stortinget i 2010, seier Silden til NRK.