Kåra «Årets beste klippfisk»

Arnt Olav Aarseth frå Brødrene Aarseth AS mottek premien frå ordførar og fiskeriminister ,for Årets beste klippfisk 2010. På bilete står Arnt Olav Aarseth flankert av ordførar Per-Kristian Øyen i Kristiansund kommune og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Foto: Anders Tøsse / Norwegian Seafood Council

KRISTIANSUND: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen delte i dag ut prisen for «Årets beste klippfisk» 2010.

Artikkelen er oppdatert.

– Klippfisk av beste kvalitet gjev betre pris og nøgde og lojale kundar. Det er difor viktig å premiere kvalitet knytt til ei unik råvare som klippfisk. Den produsenten som i år oppfylte dei strenge krava frå fagjuryen, og dermed kan smykke seg med tittelen Årets beste klippfisk 2010, er Brødrene Aarseth AS frå Ellingsøy, sa fiskeri- og kystministeren i Kristiansund i dag.

Statsråden delte i dag ut prisen på arrangementet «Årets beste klippfisk» 2010 i Kristiansund, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Les også: Skal kåre Årets beste klippfisk 14.05.2010

– Norsk klippfisk vart i fjor eksportert til over 60 land og til ein verdi av 3 milliardar kroner. Klippfiskelskarar over store deler av verda set pris på kvalitetane som ligg i den norske klippfisken. Interessa for klippfisk aukar også i Noreg, og vi ser at stadig fleire restaurantar set ulike klippfiskrettar på menyen, avslutta Lisbeth Berg-Hansen.

Kåringa av «Årets beste klippfisk» har funnet stad i Kristiansund kvart andre år sidan 2000, og vert arrangert av Norges Råfisklag, Kristiansund kommune, Eksportutvalget for fisk og Nordmøre Fiskebåt.

18 klippfiskbedrifter frå heile landet deltok i konkurransen, opplyser Norges Råfisklag og Eksportutvalget for fisk (EFF) i andre pressemeldingar.

– Vi legg vekt på å halde høg kvalitet i alle ledd i produksjonen, seier vinnar Arnt Olav Aarseth nøgd.

I juryen sat: kjendiskokk Harald Osa, Wenche Andersen (TV 2), Ingebjørg Moe (Eksportutvalet for fisk), Jorulf Straume (Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening) og Kjell Hansen (Mattilsynet). Jahn Otto Johansen var leiar for juryen.

Desse deltok i år: Grytestranda Fiskeindustri AS, Oscar Hoff AS, Jangaard Export AS, Nordmøre Fiskeindustri, Olga Godø AS, Gryllefjord Fryseri Nergård Senja AS, Olav E. Fiskarstrand AS, Lofotkompaniet AS, Nils Sperre AS, Jakob og Johan Dybvik AS, Lorentz A. Lossius AS, O. Skarsbø AS, Mathias Bjørge AS, Jangaard Export AS, avd. 4, Sigurd Folland AS, Andreas Bjørge Seafood AS, Peder B. Sørvik AS, Brødr Aarseth AS, Ingolf Engeset AS.

Tidlegare prisvinnarar er: Jacob & Johan Dybvik AS (2000), Nils Sperre AS (2002), Jangaard Export AS avd. Nordmøre Fiskeindustri (2004), Jacob & Johan Dybvik AS (2006) og Lorentz A. Lossius AS (2008).

Parallelt med bedømming og kåring av «Årets beste klippfisk» 2010, er også Midtnorsk Fiskerikonferanse arrangert i byen.

Les også: Vil skape verdas fremste sjømatnasjon 02.06.2010