Ingen funn over fastsette grenseverdiar

Norsk oppdrettsfisk inneheld ingen funn av legemiddel over fastsette grenseverdiar, viser nye analysar frå NIFES. Det er berre funne spor av lusemiddelet emamektin.

NIFES analyserar årleg oppdrettsfisk på oppdrag for Mattilsynet for å avdekke eventuelle restar av lovlege og ulovlege legemiddel. Overvakingsprogrammet hos NIFES viser at det aldri har blitt påvist restar av lovlege legemiddel over internasjonale grenseverdiar i oppdrettsfisk til konsum, skriv NIFES i ei pressemelding.

I 2011 vart emamektin benzoat, eit legemiddel mot lakselus, avdekt i 5 av 77 prøver (6 prosent). Alle funn var på eller under ein tidel av grenseverdien. Emamektin benzoat var det einaste legemiddelet som vart funne i prøvene som vart analysert i 2011.

Totalt undersøkte NIFES 1483 samleprøver (totalt 7415 fisk) frå Mattilsynet for til saman 30 lovlege og ulovlege legemiddel. Talet på fisk som vart analysert varierte frå 75 til 2010, avhengig av stoff.

Overvakingsprogrammet har sidan 2003 blitt gjennomført etter krav frå EU (direktiv 96/23) som pålegg styresmaktene å kartlegge framandstoff i mat- og råvarer frå dyr. Mattilsynet har ansvaret for prøvetaking og gjennomføring i Noreg. NIFES har ansvaret for analysar av den delen av programmet som omfattar laks og annan oppdrettsfisk.

Les også: – Trygt å spise oppdrettslaks 04.03.2012

Les også: Nedgang i bruk av lakselusmidler 02.03.2012