Vil ha heile vederlaget

Møre og Romsdal fylke ynskjer at heile beløpet som vert betalt inn til staten som vederlag for nye oppdrettskonsesjonar, skal overførast til fylket og lokalitetskommunane.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vore samla denne veka. Til tingsamlinga låg det føre ei tilråding frå fylkesutvalet om å opprette eit marint verdiskapingsfond, Fondet er tiltenkt å skulle forvalte midlar som fylket får overført frå staten, etter innkrevjing av vederlag for nye oppdrettskonsesjonar.

Åtte millionar

Ved siste tildelingsrunde, sommaren 2009, kravde staten eit vederlag på åtte millionar kroner for kvar konsesjon.

I framlegget frå fylkesutvalet låg det ei oppmoding til staten om at ein større del av det oppdrettarane betalar inn, bør overførast til fylket og lokalitetskommunane. Fylkesutvalet vedtok mellom anna fylgjande ordlyd i sitt framlegg:

«Møre og Romsdal fylke vil likevel påpeike at ein større del av det oppdrettarane betaler for tildelt løyve bør overførast til fylket og lokalitetskommune. Ei tredeling av innbetalinga vil ikkje vere urimeleg.»

Det var Jon Aasen (AP) som under handsaminga i fylkesutvalet 29. september 2009 fremja dette punktet som eit tillegg til den opphavlege ordlyden.

– Som ei ulempe

I fylkestinget uttrykte Aasen otte for dei haldningane til fiskeoppdrett, som har byrja å spreie seg ute i kommunane.

– Dagens oppdrett har helsestatus som er mange gonger betre enn tidlegare, medan kommunane i stadig større grad ser på næringa som ei ulempe. Kommunane bør få meir igjen for at næringa bandlegg store areal, sa Aasen under tingsamlinga denne veka, i fylgje Tidens Krav.

Heile avgifta

Men punktet som Aasen fekk oppslutnad om i fylkesutvalet, var ikkje sterkt nok formulert for Iver Nordseth (V). Saman med Frank Sve (Frp) og Reidun Klock Tjerevåg (Sunnmørslista) kravde han at heile avgifta skulle overførast til fordeling mellom fylket og lokalitetskommunane, noko dei fekk oppslutnad om i fylkestinget.

Fylkestinget avgjorde samtidig å endre ordlyden i eit anna punkt i framlegget, frå «...eit marint verdiskapingsfond» til «...eit marint miljøsikrings og verdiskapingsfond».

Vedtak

Vedtaket frå fylkestinget i Møre og Romsdal fekk med det fylgjande ordlyd:

«Møre og Romsdal fylke bruker vederlaget som fylket får i samband med tildeling av nye oppdrettskonsesjonar i 2009 til å opprette eit marint miljøsikrings og verdiskapingsfond.

Administrasjonen får i oppdrag å utarbeide reglar for bruk og forvaltning av fondet, som skal vedtakast av Fylkestinget.

Møre og Romsdal fylke vil påpeike at vederlaget oppdrettarane betaler for tildelt løyve bør i sin heilhet overførast/fordelast mellom fylket og lokalitetskommunane.»