Vil endre oppdrettslova

Fiskeri- og kystdepartementet vil endre akvakulturlova, med formål å kunne krevje vederlag ved utviding av oppdrettsløyve.

Departementet sender no ut eit framlegg til endring av akvakulturlova, for å kunne krevje vederlag også ved utviding av eksisterande løyve.

Fisk.no omtalte for ei veke sidan, at Norsk Sjømatbedrifters Landsforening ynskjer ein generell og vederlagsfri auke av MTB (Maksimalt Tillaten Biomasse) for anlegga, dette medan nye aktørar må betale for nye konsesjonar.

Les også: NSL vil ha gratis lakseøkning 09.10.2009
Les også: MTB kan økes mot betaling 18.08.2009

– Rimeleg at samfunnet får noko tilbake

– Det er rimeleg at samfunnet får noko tilbake i form av vederlag når oppdrettaren blir tildelt eit nytt løyve som kan seljast og har ein verdi i andrehandsmarknaden, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen.

Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på gjeldande løyve som regjeringa legg opp til i 2010, seier Ulriksen

Regjeringa vil ha ein moderat vekst i oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2010, og veksten skal takast ut i form av auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve. Regjeringa ønskjer at tilbodet om auka kapasitet skal givast mot vederlag til staten.

Vil endre lova

Difor legg regjeringa no fram eit forslag om endring i akvakulturlova for Stortinget. Forslaget inneber at det kan takast vederlag også for auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.

Akvakulturlova gjev i dag heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve, men ikkje til å ta vederlag for ein auke i omfanget av eit gjeldande løyve, opplyser departementet.