– Positivt samarbeid om laks frå Lærdalselva

Eit samarbeidsprosjekt mellom Lærdal Elveeierlag og fleire aktørar i næringa skal få kartlagt utvandringsåtferda til smolt fra Lærdalselva i 2009.

Prosjektet er delfinansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom regionale utviklingsmidlar etter vedtak i programstyret Havbruk og fiskeri, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Aktørane som er med i prosjektet er: Osland Havbruk AS, Marine Harvest Norway AS, Sulefisk AS, Lærdal kommune, Østfold Energi, Ljøsne Klekkeri, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Niva.

Gjennom prosjektet vil ein generere kunnskap om tidspunkt for utvandring av smolt frå Lærdalselva og hastigheita på utvandringa i høve til ulike miljøtilhøve, fortel Henning Urke i Niva. Han er prosjektleiar for dette samarbeidsprosjektet.

I høve til lakseluseproblematikken, er det viktig å få kunnskap om kor lang tid smolten bruker frå Lærdal til utlaupet av Sognefjorden. Dersom en får bedre innsikt i dette, vil det kunne seie mykje om når det bør være minst lakselus i ytre delen av fjorden for å redusere dei problema lakselus gjev villfisken.

Gyrodactylus - også eit problem

Eit anna punkt er korleis ein kan redusere risikoen for å spreie ferskvassparasitten Gyrodactylus salaris. Ved å kjenne til korleis laksesmolten oppfører seg rett etter utvandring, vil ein kunne kartlegge dette.

Prosjektet har pågått dette året og resultata frå arbeidet vil ligge føre utpå nyåret.

Eg synast det er veldig positivt at ein kan samarbeide på tvers av sine interessefelt for å genere ny kunnskap, seier Urke.