Avviser klage mot Branco

Fiskeridirektoratet har avslege ei klage mot Branco AS si etablering av oppdrettsanlegg for torsk utanfor Lågåsen i Vartdalsfjorden. 

Grunneigar Aage Nytun har ikkje nådd fram med klagen på lokaliseringa av Branco AS sitt oppdrettsanlegg for torsk og sei i Vartdalsfjorden, melder Vikebladet.

Nytun hadde i hovudsak to innvendingar til lokaliseringa. Den eine gjekk på tilkomsten til naustet hans. Den andre galdt dei ulempene anlegget ville føre til for hans verksemd med hytteutleige, mellom anna ved å gjere utsikta mindre attraktiv.

Biomasse på inntil 3120 tonn

Saka om oppdrettsanlegg i Lågåsen starta i 2006, då Branco fekk løyve til oppdrett av torsk og sei med ei tillaten biomasse på 780 tonn, eit løyve Nytun klaga på utan å få medhald. I 2008 fekk Branco auka volumet med tre nye løyve, kvar på 780 tonn, slik at dei totalt kan ha ei biomasse på 3120 tonn på lokaliteten.

Det nye anlegget, når det eventuelt blir etablert, får ei utstrekning på 50 x 300 meter og vil dekke eit sjøareal på 125 dekar, inkludert fiskeforbodssona, skriv nettstaden.

Les også: Branco tapte 24 millioner i 2008 24.09.2009

Regulert til akvakultur

I saksprosessen har ein gått med på å flytte anlegget 150 meter mot sørvest i høve til den fyrste skissa - og tilsvarande vekk frå land. Nytun kravde å få flytta anlegget 300 meter, men direktoratet avviser forslaget i det dei meiner at ei flytting med 150 meter, har sikra nok manøvreringsplass for båtar som skal inn til naustet.

Fiskeridirektoratet viser også til kommunen si regulering av området, og sidan Hareid kommune har opna for akvakultur i dette fjordområdet, måtte Nytun berre vere budd på at det kunne kome anlegg der.

Direktoratet viser også til at Branco allereie har eit godkjent løyve i området - eit løyve som rett nok enno ikkje er teke i bruk, men som utan omsyn til denne siste saka, kan medføre etablering av anlegg på staden. Fiskeridirektoratet konkluderer med at anlegget si plassering, berre i liten grad vil verke inn på grunneigaren si utleigeverksemd, melder nettstaden.

Les også: Utval skal sjå på arealbruken til havbruksnæringa 10.09.2009
Les også: - Kunnskap skal forene havbruk og turisme 26.08.2009