FylkesROS Hordaland 2009 lagt fram

Fylkesmannen i Hordaland la i dag fram den endelege risikoanalysen FylkesROS Hordaland 2009.

FylkesROS Hordaland 2009 tek føre seg dei fleste risikotilhøve som samfunnet må planlegge at det skal kunne ta hand om. Framlegg til FylkesROS Hordaland 2009 vart den 2. juli 2009 lagt ut til høyring, med høyringsfrist 28. august 2009.

Les også: Risikoanalyse for Hordaland på høyring 02.07.2009

Risiko- og sårbaranalyse

FylkesROS er ein risiko- og sårbaranalyse på overordna nivå for Hordaland fylke, og skal vere eit grunnlagsdokument for det vidare arbeidet med ROS-analysar i kommunar, fylkeskommune, regionale statlege etatar og andre samfunnsviktige verksemder.

Risiko- og sårbaranalysen syner mellom anna ulike tilhøve som kan representere ein risiko for folk i fylket. Dette gjeld til dømes ei alvorleg atomulykke i utlandet, med radioaktivt nedfall i vårt område. Eit anna scenario er ein alvorleg influensapandemi, eventuelt ein annan sjukdomspandemi. Andre døme er store ulykker, og naturhendingar knytt til ekstrem nedbør med flaum og ras, samt verksemdsbasert risiko.

Legg føringar

Dokumentet legg viktige føringar for oppfølging i kommunane, i fylkeskommunen og i andre organisasjonar med beredskapsansvar.

FylkesROS tek innleiingsvis føre seg risikobiletet generelt, før det vert gjort greie for metodeval og akseptkriteria. Deretter er det ei kort oppsummering av kva som har skjedd sidan førre FylkesROS i 2004 før ein kjem til dei 7 temakapitla med tilhøyrande ROS-analysar.

Følgjande tema er handsama:

  • Klimaendringar og naturulykker
  • Epidemiar og helseberedskap
  • Fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdomar og landbruk
  • Svikt i kritisk infrastruktur
  • Storulykker og masseskadar
  • Atomulykker og radioaktiv stråling
  • Akutt ureining

Avslutningsvis vert det gjort greie for korleis konklusjonane i dokumentet bør følgjast opp og kva forventningar ein har til det vidare arbeidet.

På bakgrunn av endringane i plan- og bygningslova gjeldande frå 1. juli 2009 og det komande kravet om generell kommunal beredskapsplikt frå januar 2010, vert det stilt nye og strengare krav til arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

FylkesROS Hordaland gir kommunane det utgangspunktet dei treng for å ta fatt i denne oppgåva på ein føremålstenleg måte.

Fiskesjukdomar og oppdrett

Fish.no tek her med utdrag frå kapittel 7. i analysen, som er det kapittelet som mellom anna omhandlar fiskesjukdomar, oppdrett og ballastvatn.

7. FISKESJUKDOMAR OG OPPDRETT, DYRESJUKDOMAR OG LANDBRUK

Innleiing

Hordaland er eit av dei største oppdrettsfylka med ein årleg omsetnad på meir enn 1,5 milliardar kroner. Det er mange anlegg, til dels med liten avstand mellom dei. Hardangerfjorden er til dømes det området i landet som har høgast produksjon per arealeining. Dette fører til at fisken er sårbar for sjukdomsutbrot, med relativt enkel spreiing av smittestoff mellom anlegga. I tillegg til sjukdom på fisk kjem til dels store problem med rømming av fisk, med uakseptabelt tal på rømt laks og regnbogeaure. Eit anna forhold knytt til sjøen er tømming av ballastvatn, som kan representere ein svært alvorleg miljøtrussel.

Talet på husdyr går stadig nedover. Stort sett har fylket vårt hatt lite husdyrsjukdomar, men dersom det kjem slike alvorlege sjukdomsutbrot kan det få store konsekvensar for mange besetningar. Det er ei sers viktig oppgåve å halde oppe eit godt vern mot slike sjukdomar.

Dei problema som er knytte til oppdrett og husdyrhald har primært økonomiske konsekvensar, men til ein viss grad kan dei òg påverke miljøet. Det er hos oss ingen fare for sjukdom hos menneske knytt til oppdrettsfisk eller villfisk, og risikoen for sjukdom hos menneske på grunn av dyresjukdom er svært liten.

7.1. Fiskesjukdomar og oppdrett

Sjukdomsutbrot hos fisk får framleis store økonomiske konsekvensar. Dei fleste bakterielle sjukdomane vert haldne under kontroll ved hjelp av vaksine, noko som ikkje gjeld virussjukdomane og parasittane. Dei største tapa grunna sjukdomane i sjøfasen er utbrot av pankreassjukdom (PD) og hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB). Det er enno betydelege tap knytt til infeksiøs pankreas nekrose (IPN) ved sjøsetjing av laksefisk. Andre sjukdomar som kan førekome i sjøfasen med konsekvensar for økonomi og miljø er infeksiøs lakseanemi (ILA), viral hemorragisk septikemi (VHS) og francisellose hos torsk.

Fiskehelseregelverket skal syte for ei berekraftig utvikling innan akvakultur, fremje god helse og syte for god velferd hos fisk. Regelverket fastset kva for sjukdomar som er meldepliktige og korleis desse skal handterast. Det er verksemdene sitt ansvar å rette seg etter regelverket.

7.1.1. Smittespreiing

Spreiing av smittsame sjukdomar hos fisk er eit av dei største problema innan oppdrett i dag. Smitteoverføring kan førekome ved smitte i sjø mellom nærliggande anlegg, utsetjing av infisert fisk frå settefiskanlegg, frå gjenstandar med smittestoff, dykking i anlegga og transport av smitta fisk i brønnbåt med ventilar. Villfisk kan og verte smitta. I samband med lokalisering av oppdrettsverksemda og spreiing av smitte med straumar er kartlegging av straumforhold viktig. Dersom næringa skal vere berekraftig er det naudsynt med ei grundig kartlegging av dei naturgitte tilhøva ut frå fisken sine behov m.o.t. helse og miljø. Slik kartlegging må vere grunnlaget når ein peikar ut område som kan verte regulerte for akvakulturverksemder.

ROS-analyse

Sannsyn
Det er rekna som sannsynleg at smitte vil verte overført innan og mellom akvakulturområde. Truleg er det lite sannsynleg at smitte i større omfang vert overført til villfisk.

Konsekvensar
Smitteoverføring kan føre til høg dødelegheit av oppdrettsfisk og store økonomiske tap. Trusselen mot miljøet vert vurdert som moderat.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Som grunnlag for god planlegging trengst kartlegging av dei naturgitte tilhøva ut frå behovet fisken har for god helse, velferd og miljø. Vidare kartlegging av område og aktivitet med stor fare for smitteoverføring og av straumforhold i akvakulturområde
  • Innføring av produksjonstak i utsette område
  • Utarbeide ny plandel over område som ikkje er eigna for oppdrett, og som dermed ikkje bør regulerast for akvakultur Kommunane og verksemdene har ansvar for kartlegging av straumforhold. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet har ansvar for kartlegging av område med stor fare for smittespreiing. Prioriterte tiltak
    Ingen.

7.1.2. Handtering av sjukdomsutbrot og store mengder død oppdrettsfisk

Beredskapsplanane for anlegga skal medverke til å sikre smittehygiene og fiskevelferd i krisesituasjonar. Dei skal gi ein oversikt over tiltak som er aktuelle for å hindre og eventuelt handtere akutt utbrot av smittsam sjukdom og død på ein lokalitet. Verksemdene skal ha beredskapsplanar som kan etterlevast. Dette omfattar opptak, behandling, transport, slakting og destruksjon av død oppdrettsfisk. Det er per i dag få aktørar på dette området.
Beredskapsplanen skal òg gi oversikt over tiltak for å hindre og eventuelt handtere fiskedød ved skadelege alge- og manetførekomstar, skadeleg vasstemperatur og akutt forureining.

Dersom det i enkelte akvakulturområde skulle døy mykje fisk i fleire anlegg i same perioden vert det store avfallsmengder som skal takast hand om. Det er for liten kapasitet for transport, destruksjon og handtering av slike store mengder med død fisk dersom ein slik situasjon skulle oppstå. Det er per i dag ingen godkjende anlegg for å ta imot død oppdrettsfisk for behandling etter gjeldande regelverk. Det bør utviklast system som på ein betre, sikrare og meir framsynt måte tek vare på viktige beredskapsomsyn, ikkje minst for miljøet.

ROS-analyse

Sannsyn
Det er rekna som lite sannsynleg at auka dødelegheit i eit akvaområde kan førekomme på grunn av sjukdom, algeoppblomstring eller manetinvasjon. Det vil seie at det går meir enn fem år mellom kvart alvorlege tilfelle.

Konsekvensar
Dersom det ikkje er kapasitet til å handtere store mengder død fisk kan dette få konsekvensar for økonomi og miljø. Hittil har miljøkonsekvensane vore moderate, men i verste fall kan dette dreie seg om enorme mengder død fisk.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Oppdrettsanlegga må ha beredskapsplanar for smittehygiene og sjukdomsutbrot.
  • Kapasitet for å handtere død fisk må kartleggjast. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet har her eit ansvar.

Prioriterte tiltak

  1. Mattilsynet må ved årleg tilsyn av oppdrettsanlegga leggje særleg vekt på beredskapsplanane anlegga har for å handtere store mengder død oppdrettsfisk.

7.1.3. Lakselus

Lakselus er ein parasitt som førekjem naturleg hos laks og aure i sjøvatn. Den aukande mengda av laksefisk i oppdrett gjer at lakselusa har tilgang på vertar gjennom heile året. Vaksen villaks og smolt i område med mykje oppdrett har meir lus enn villaks i område utan oppdrett. Lakselus ser ut til å vere ei ikkje lita årsak til død hos utvandrande smolt. Tiltak som koordinert avlusing av oppdrettslokalitetar har vist seg å hjelpe bra for å få bukt med dette problemet, men Vestlandskysten og Hardangerfjorden er framleis utsett. Synkronisert brakklegging kan òg vise seg å vere eit viktig tiltak for å nedkjempe lakselusa. Tiltak mot lakselus vert regulerte i regelverket for fiskehelse.

Etter kvart har det utvikla seg lakselus som er resistent mot dei behandlingsmetodane som vert nytta i kampen mot lusa. Det er i dag eit sterkt engasjement i forvaltninga når det gjeld problema knytt til resistens. I oppdrett med høg fisketettleik vert lakselus nedkjempa med anten biologisk eller kjemisk behandling. Ved same typen kjemisk behandling over lengre tid kan lusa utvikle resistens. Det er difor viktig at næringa alternerer mellom tilgjengelege behandlingsmiddel. I tillegg er det viktig at nasjonale tilrådingar om terapi vert følgde. Biologisk avlusing av oppdrettsfisk skjer ved bruk av leppefisk. Leppefisk et lusa som sit på oppdrettsfisken, og dette kan vere ei god form for behandling. Det er ein viss otte for at overfisking av vill leppefisk kan føre til for liten tilgang på slik fisk.

ROS-analyse

Sannsyn
Lakselus er eit vedvarande problem både for villaksen og oppdrettsnæringa. Større tap knytt til infeksjon med lakselus og auka trussel mot villfisk er sannsynleg. Det vert truleg utvikla meir resistent lakselus ved einsidig bruk av kjemiske behandlingsmiddel.

Konsekvensar
Lakselus fører til svært store problem for vill laksefisk og store kostnadar for oppdrettsnæringa. Det er ein viss suksess med avlusingstiltak, men lus vil truleg vere eit vedvarande problem. Parasitten vil føre til at villaksbestanden vil verte redusert endå meir. Dersom det ikkje er middel som verkar på lakselus på grunn av resistens kan det få alvorlege følgjer for næringa og villaksen.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Forsking og utvikling av nye behandlingsmiddel kan medverke til å redusere lakselusproblemet.
  • Mattilsynet forvaltar arbeidet som har med lakselusproblematikken å gjere. Mellom anna følgjer dei opp regelverket gjennom risikobasert tilsyn. I tillegg er det sjølvsagt avgjerande at næringa tek lakselusproblema på alvor.

Prioriterte tiltak

  1. Mattilsynet sitt pågåande arbeid med koordinert avlusing og plan for synkronisert brakklegging av større område må fullførast så snart råd er.

7.1.4. Gyrodactylus salaris

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris kom til Noreg i 1975, truleg via settefisk frå Sverige. Parasitten opptrer berre i ferskvatn og råker såleis villaks samt eventuelle settefiskanlegg i ferskvatn. Parasitten fester seg på lakseyngel og et opp huda slik at yngelen døyr. Det kan vere opptil 10 000 parasittar på ein yngel. Parasitten er svært smittsam og kan smitte frå eit vassdrag til eit anna via fisk, gummibåtar, garn, badeutstyr, støvlar og liknande. Parasitten er svært sårbar overfor uttørking. Den norske villaksen er lite motstandsdyktig mot parasitten og i fleire vassdrag er villaksen heilt borte, men så langt har ikkje vassdrag i Hordaland vorte infisert av parasitten. Førebyggjande tiltak er å avgrense transport mellom vassdrag, og dessutan vere svært nøye med tørking og desinfisering av utstyr når ein flyttar frå eit vassdrag. I tillegg er det nødvendig å dele ut informasjonsbrosjyrar på fleire språk til turistar og andre som kan spreie parasitten.

ROS-analyse

Sannsyn
Det vert rekna som lite sannsynleg at parasitten vil infisere vassdrag i Hordaland og gjere skade på villaksen. På landsbasis vert det rekna som sannsynleg at parasitten spreier seg til nye vassdrag.

Konsekvensar
Miljøkonsekvensane av parasitten er at fleire vassdrag vert infiserte, og at villaksstamma vert endå meir redusert. Dette vert sett på som alvorleg.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Nasjonal handlingsplan og overvakingsplan for utvalde vassdrag står sentralt. Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ansvar for dei overordna planane for å motarbeide parasitten. Fylkesmennene har eit ansvar for dei ulike prosjekta.
  • Mattilsynet og miljøvernstyresmaktene (DN og fylkesmennene) har ansvaret for overvaking av parasitten, og gjer og vedtak om kjemisk behandling. Fylkesmannen kan òg delta i å innhente prøvar. Analyse av prøvane skjer ved eit hygienekyndig veterinærlaboratorium.
  • Informasjon til publikum er særs viktig for å medverke til at parasitten ikkje vert meir spreidd.

Prioriterte tiltak
Ingen.

7.2. Rømming av laksefisk frå oppdrettsanlegg

Rømming er ei av dei største miljøutfordringane oppdrettsnæringa står overfor. Veksten innan næringa har ført til at rømt oppdrettslaks har vorte eit vanleg innslag i laksebestandane i Hordaland. Utfordringane har med genetikk, økologi og spreiing av sjukdomar å gjere.

Rømming fører til store økonomiske tap og svekt omdømme. Nasjonal rømmingsstatistikk for perioden 2001 til 2008 syner at talet på rømt laks og regnbogeaure har variert årleg frå om lag 100 000 til 1 000 000. Gjennom tilsyn må det sikrast at akvakulturproduksjonen skjer i tråd med regelverket. Målet er at det ikkje skal rømme fisk frå anlegg som følgje av lovbrot. Som konsekvensreduserande tiltak for miljøet gir fylkesmannen dispensasjon frå det generelle garnforbodet om vinteren og etter somme større rømmingshendingar, slik at mest mogleg av laksen kan verte oppfiska. Oppdrettar er pålagt å drive gjenfangstfiske etter rømt oppdrettsfisk i nærområda til anlegget. Oppdrettsnæringa i Hordaland har etablert ei gjenfangstgruppe. Gruppa har garndepot som lett kan mobiliserast og som kan nyttast til fiske etter rømt fisk. Diverre er dette langt frå nok til å halde mengda av rømt laks i elvane på eit nivå som gjer det mogleg å ta vare på villaksstammene på lang sikt.

ROS-analyse

Sannsyn
Mykje oppdrettsfisk rømmer årleg, hendinga er såleis sannsynleg.

Konsekvensar
Miljøkonsekvensane av at oppdrettsfisk rømmer og blandar seg med villfisk er vurderte som alvorlege. Til dette kjem moderate økonomiske konsekvensar på samfunnsnivå.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Fiskeridirektoratet har utarbeidd ein eigen tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk. Det vert arbeid på mange område for å få rømmingstala ned. Døme er kartlegging av årsaker, forsking og kunnskapsbygging, regelverksforbetring og kontroll. Fiskeridirektoratet og oppdrettsnæringa har ansvar for desse tiltaka.
  • Direktoratet for naturforvaltning har ansvar for tilsyn med at fiskebestandane i lakseførande vassdrag vert forvalta på ein berekraftig måte. Sidan oppdrettsfisk representerer eit trugsmål mot villaksen bør det der det er mogleg etablerast tiltak som gjer det umogleg for rømt oppdrettsfisk å ta seg opp i elva.

Prioriterte tiltak
Ingen.

7.3. Tømming av ballastvatn

Skipstrafikk kan med frakt av ballastvatn føre til massiv flytting av artar mellom dei ulike havområda i verda. Ballastvatn kan representere ein svært alvorleg miljøtrussel. Til dette kjem stort potensiale for økonomiske tap for fiskeri- og oppdrettsnæringane. Hamner som Sture og Mongstad opplever nærast dagleg at store skip kjem fullasta med ballastvatn frå ulike delar av verda, og tømmer dette i hamneområdet før dei fyller opp tankane med olje. Berre i Hordaland vert det årleg tømt omlag 25 millionar tonn ballastvatn. Ein ny konvensjon til FNs sjøfartsorganisasjon International Maritime Organization (IMO) skal regulere tømming av ballastvatn. Denne set forbod mot å sleppe ballastvatn innafor 200 milsona. Den set også krav til reinsing dersom tømming likevel må skje innafor 200 milsona. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2006.

ROS-analyse

Sannsyn
Ei hending der ballastvatn kan utgjere ein trussel for miljø og økonomi vert rekna som sannsynleg. Ei større hending som får store konsekvensar både for miljø, økonomi og helse har ikkje skjedd i våre farvatn til no. Ei slik stor hending med alvorlege konsekvensar vert vurdert som lite sannsynleg.

Konsekvensar
Tøming av ballastvatn langs kysten kan få alvorlege konsekvensar både for økosystem og
økonomi. Ballastvatn kan innehalde organismar som kan påverke faunaen vår ved å spreie
sjukdomar, algeinvasjonar og introdusere nye artar i farvatna våre. Dette kan i verste fall
skiple den økologiske balansen og verte katastrofalt for miljøet. Dei økonomiske tapa kan òg
verte katastrofale, spesielt for oppdretts- og fiskerinæringa. Slike hendingar vil dessutan i aller
verste fall kunne utgjere ein helsefare for menneske.

Moglege risikoreduserande tiltak

  • IMO konvensjonen, som vart lansert i 2004, er førebels ikkje ratifisert av mange nok land til å gjelde internasjonalt. Når avtalen trer i kraft vil den gjelde alle skip som kjem til norske hamner. Ei ny forskrift av juli 2009 om å hindre spreiing av framande organismar via ballastvatn og sediment frå skip skal gjelde frå 1. januar 2010. Forskrifta skal sikre korrekt utskifting av ballastvatn og/eller reinsing av ikkje-utskifta vatn. Sjøfartsdirektoratet handhevar dette regelverket. Direktoratet skal også sertifisere aktuelt reinseutstyr ombord på norske skip. Dersom regelverket vert brote, og det aktuelle skipet er kjent, vil Sjøfartsdirektoratet oversende saka til politiet, som skal ha eigne prosedyrar for oppfølging. Dersom det aktuelle skipet ikkje er kjent, f.eks. at ulovleg utpumping er påvist i ettertid, vil direktoratet hjelpe til med å oppspore fartøyet. Skulle ei slik hending føre til skadar og fiskedød vil beredskapen for slike hendingar mobiliserast. Fylkesmannen kan ha eit ansvar for at hendinga vert meld til politiet.

Prioriterte tiltak
Ingen.

7.5. Oppsummering

Fisken er sårbar for sjukdomsutbrot, med relativt enkel spreiing av smitteagens mellom anlegga. Faren for massive sjukdomsutbrot vert vurdert som stor. Ein del av sjukdomane påverkar også villaksen og sjøauren. Lakselus og rømming utgjer likevel dei største problema for villaks- og sjøaurebestandane. Ved sida av den direkte trusselen mot desse stammene kjem økonomiske tap for lakseturisme i vassdraga, og for sjølaksefisket.

Tømming av ballastvatn frå skipsflåten representerer ein miljøtrussel. Ballastvatn inneheldt organismar som har potensiale til å spreia sjukdomar, algeinvasjonar, introdusere nye artar og i verste fall skiple den økologiske balansen i farvatna våre. Ein veit for visst at menneske har vorte smitta av organismar som er frakta med ballastvatn, mellom anna i Amerika. Ei ny forskrift om ballastvatn i norske farvatn av juli 2009 skal gjelde frå 1. januar 2010.

Noreg er erklært fri for visse smittsame dyresjukdomar. Vi har lov til å oppretthalde restriksjonar på import frå dei europeiske landa. Samtidig opnar EØS-avtalen for meir internasjonal handel med dyr og dyreprodukt. I Noreg er det etablert ein trygg beredskap basert på omfattande lovverk i behandlinga av dyresjukdomar. Det vert vurdert som lite sannsynleg med auke i talet på utbrot av alvorlege dyresjukdomar. Risikoen for smitte til menneske er anten ikkje eksisterande eller svært låg.

Hendingane i dette kapitlet er i all hovudsak vurderte som farlege for miljø og kan gi stor skade på materielle verdiar. Den store trusselen innafor feltet er massedød av fisk, enten p.g.a. sjukdom, algeoppblomstring eller manetinvasjon. Vi reknar dette for lite sannsynleg, d.v.s. mindre enn ei hending kvart femte år. Ei slik hending kan innebere handtering av tusenvis av tonn oppdrettsfisk. Det har til no ikkje vore kjende større hendingar med massedød av fisk i fylket. Det er per i dag ikkje tilgjengeleg handterings- og destruksjonskapasitet for ein slik situasjon i Hordaland. Kapasiteten på dette området bør difor styrkjast.