Rogaland: Årdal elveeigarlag er misnøgde med at Lyse ikkje set ut smolt i Storånå i 2010, slik dei er pliktige til etter konsesjonsvilkåra.
Då Lyse regulerte Storånå etter krigen, vart dei pålagde å kultivera laksestammen i elva.
Fylkesmannen sette stopp
I konsesjonsvilkåra for Lyse er det mellom anna krav om oppfôring og utsett av 11.500 laksesmolt i året. Dei siste åra har Lyse ordna dette ved å frakta lakseyngel frå det gamle klekkeriet på Ullestad i Årdal til Oltedal, fôra den opp der og så frakta den tilbake til Årdal for utsett i Storånå, melder Bygdaposten.
Denne ordninga har vore gjennomført som ein dispensasjon frå Fylkesmannen, men i fjor sa Fylkesmannen nei til å halda fram med praksisen. Både frakt og smittefare utgjorde for stor risiko. Smolten måtte i staden fôrast opp i Årdal.
Nytt klekkeri?
Lyse sa i fjor at dei vurderte å byggja eit nytt klekkeri med plass til oppfôringsanlegg. Det har ikkje skjedd. Lyse har ikkje klart å etablera nytt klekkeri i Årdal i tide til å fôra opp smolt for utsett i Storånå i 2010, skriv avisa.
– Lyse har ikkje funne tomt, dei har ikkje noko prosjektert bygg og dei har ikkje avgjort kven som skal driva eit nytt klekkeri, seier Per Bringedal i Årdal elveeigarlag.
Leiar Olaf Vestersjø i Årdal elveeigarlag er oppgitt over Lyse sin sommel som fører til at Storånå mistar eit år med smoltutsett. Dei kan ikkje sjå mellom fingrane med konsesjonsvilkåra, meiner han.
Andre tiltak
– Lyse har eit pålegg om å setja ut smolt. Det skal dei følgja. Det er Lyse sitt ansvar å finna ein måte å løysa det på, seier Vestersjø.
– Dessutan sparer Lyse mykje pengar på ikkje å fôra opp smolt i år. Me krev difor at det vert sett i verk andre kultiveringstiltak på deira rekning for å bøta på situasjonen, fortel Vestersjø.
Lyse, elveeigarlaget og Norges Jeger- og fiskerforbund (NJFF) arbeider no med å samla seg om kva tiltak som skal setjast i verk i år.
– Me diskuterer mellom anna startfôring av yngel, utsett av plommesekkyngel og rognplanting. Særleg rognplanting har vore eit effektivt tiltak i til dømes Frafjordelva og Espedalselva, seier Knut Ståle Eriksen i NJFF.