Kystverket påklagar vedtak om oppdrett

Bremanger: Bremanger kommune har gjeve Marine Harvest Norway dispensasjon frå arealplanen for utviding av ein oppdrettslokalitet, men møter reaksjonar frå Kystverket.

I eit brev av 29.10.2009 til Bremanger kommune, påklagar Kystverket vedtaket, som vart fatta av formannskapet 20. oktober. Marine Harvest Norway AS region Vest vart innvilga dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for utviding av akvakulturområdet ved lokaliteten i Gulestø.

– Ikkje høyrd

Det er fleire grunnar til at Kystverket klagar på vedtaket, melder Firdaposten.

– Kystverket har ikkje fått saka til uttale, og meiner difor at kommunen har gjort ein sakshandsamingsfeil ved ikkje å legge saka fram for oss før det blei fatta vedtak i saka, skriv rådgjevar i Kystverket, Johan Sørensen.

Vidare peikar han på at akvakulturlokaliteten som han ligg i dag er konfliktfull i forhold til ferdsel og tryggleik på sjø, spesielt med omsyn til sjøtrafikken til og frå Dyrstad, skriv avisa.

– Feil signal til oppdrettar

– Etablering av oppdrettsanlegg krev mellom anna løyve etter hamne- og farvasslova. Kystverket vil neppe gje løyve til utviding og etablering av anlegg ved Gulestø. Ved å gje dispensasjon frå kommuneplanen gir ein feil signal til oppdrettar ved at denne får forventning om etablering av anlegg, noko som igjen kan medføre planleggings- og investeringskostnader, skriv Sørensen vidare.

Sørensen ber s om at saka blir send Kystverket for vurdering og uttale før endeleg handsaming av dispensasjonssøknaden i Bremanger kommune, opplyser avisa.