– Mange av lakse- og sjøaurestammane i Hardangerfjorden kan måtte avskrivast, om ikkje oppdrettsnæringa vert regulert slik at den vert berekraftig.
– Det står så dårleg til med lakse- og sjøaurestammane i Hardangerfjorden, at det kan bli aktuelt å avskrive mange av dei om ikkje oppdrettsnæringa vert regulert slik at den vert bærekraftig.
Det hevdar Fylkesmannen i Hordaland i sin uttale til ny forskrift om regulering av lakseoppdrett i Hardangerfjorden.
– Kritisk situasjon
Fylkesmannen viser vidare til at det nesten eine og aleine er påverknaden frå fiskeoppdrettsnæringa som har skapt den kritiske situasjonen. Etter 15 år med sterk påverknad frå lakselus og rømt laks, er lakse- og sjøaurestammane i ei svært dårleg forfatning.
Tilstanden er så dårleg at det må vurderast om det er riktig å fortsette å bruke ressursar på å berge lakse- og sjøaurestammane, dersom det ikkje raskt blir innført sterkere restriksjonar på oppdrettsnæringa, meiner Fylkesmannen.
Vil ha målbare miljøindikatorar
I forslaget til forskrift frå Fiskeri- og kystdepartementet for å regulere omfanget av fiskeoppdrett i Hardangerfjorden, saknar fylkesmannen særleg det varsla bærekraftprinsippet frå regjeringa. Fylkesmannen støtter fiskeridirektøren sitt opprinnelege forslag om at dette skal styrast av graden av påverknad på villfisken.
– Vi meiner at eit slikt system med målbare miljøindikatorar må innførast no, og at næringa får omlag to år på å nå måla.
Om næringa ikkje når måla, må produksjonsvolumet i Hardangerfjorden reduserast slik at måla vert oppfylt, uttalar Fylkesmannen i Hordaland.
Foreslåtte mål
Dei foreslåtte måla er:
- Maksimalt 5 lakselus på utvandrande laksesmolt.
- Ikkje forekomst av for tidleg tilbakevandra, lakselusskadd sjøaure i elveosane.
- Maksimalt 5 prosent rømt laks i gytebestandene i lakseelvane.
Fylkesmannen kjem også med ei rekkje andre innspel til høyringsframlegget frå FKD.
Les også: Ny forskrift skal hindre oppdrettsvekst 13.10.2009