Fekk torsk med 17 lus i Hardanger

Torsk har 150 ulike parasittar og lus er blant desse, opplyser Havforskingsinstituttet etter at ein fritidsfiskar fekk ein torsk med 17 stk. lus. Men det er ikkje lakselus.

– Eg veit ikkje om dette er vanleg, men det er i alle fall første gong eg har sett ein torsk med lus. At lusa går på laks og sjøaure kjenner eg til, men dette var noko nytt. Vi plukka 17 lus av denne eine fisken, fortel fritidsfiskar Oddbjørn Helle til Hardanger Folkeblad.

Det var i Odda hamnebaseng at fangsten fann stad i førre veke. Det er brukbart mykje sild i fjorden no, og torsken følgjer etter.

Terje van der Meeren, ved Havforskingsinstituttet, fortel til avisa at også torsken har lus.

– Ja, det har den, torsk har omtrent 150 ulike parasittar, og lus er blant desse. Det er ikkje lakselus, sjølv om den kan likne noko, seier Meeren.

– Det er nok ikkje like vanleg som lakselus, men det førekjem både på villtorsk og oppdrettstorsk, seier Meeren.

Men det er ikkje så vanleg med mange lus, meiner han.

– Denne hadde 17 stk, opplyser avisa.

– Då kan det ha vore ein veldig uheldig torsk, seier Meeren, til avisa.

Luseforskrifta som fiskeoppdrettarane må halde seg til, har definert lus som: "Hoppekreps av artene lakselus (Lepeophtheirus salmonis), skottelus (Caligus elongatus) og torskelus (Caligus curtus)."

Lakselus er mest omtalt, men den andre mest omtalte lusa i norske farvatn har vore Caligus elongatus, opplyser Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

Den vert av nokon kalla for skottelus og kan finnast på mange artar i sjøen. Den sit blant anna på både sild og lodde og kan i større grad enn lakselusa hoppe fra vert til vert. En oppdrettar kan til dømes oppleve høgare nivå av denne lusa på laksen sin etter innsig av sild eller lodde.