Planlegg nye giftbehandlingar av Rauma

Elva Rauma skal behandlast med gifta rotenon både i 2010 og 2011. Målet er å fjerne parasitten gyrodactilus og å få laksen tilbake.

Fem år seinare kan Rauma-vassdraget truleg opnast for laksefiske på nytt, melder NRK Møre og Romsdal.

Meldinga om nye rotenonbehandlingar, er i tråd med dei planane som vart lagde for ei tid sidan. Raumavassdraget skulle behandlast etter at behandling av Vefsna var ferdig.

– Denne behandlinga er heilt naudsynt. Vi har venta på dette i fleire tiår, seier leiar i organisasjonen "Norske lakseelver", Aage Wold. Vi har arbeidd hardt for å få løyvingar til dette, seier Wold, til NRK.

Parasitten Gyrodactilus salaris har nesten teke knekken på laksestammen i Rauma. Planen no er å drepe den infiserte laksen, samstundes som ein tek vare på laksestammen sitt genmateriale.

– Får vi ikkje gjort dette blir elva liggande dau. Det er nesten ikkje fisk att i elva, bortsett frå litt fisk som er halden kunstig i live og litt oppdrettsfisk, seier Aage Wold til NRK.

Etter behandling med rotenon, skal laksestammen byggjast opp igjen. Laksefiske vert det truleg ikkje opna for før i 2017.