– Ikkje plass til meir lakseoppdrett i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland går imot forslag frå Fiskeri- og Kystdepartementet om 5 prosent utviding av produksjonsløyva i oppdrettsnæringa.

I ein høyringsuttale til framlegg om kapasitetsauke i lakse- og aureoppdrett i 2010, går Fylkesmannen i Hordaland sterkt imot at det vert gjeve løyve til utviding.

Problema med rømt laks og lakselus frå fiskeoppdrett er så store at dei fleste laksestammane i fylket er truga. Ei ytterlegare auke i produksjonskapasiteten vil gjere stoda endå meir kritisk, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

Les også: MTB kan økes mot betaling 18.08.2009

– Miljømessig uforsvarleg

Fylkesmannen meiner at det ikkje er kapasitet til ei auke av lakseoppdrettsnæringa nokon stad i Hordaland. Fiskeri- og Kystdepartementet byggjer sitt framlegg om kapasitetsauke i oppdrettsanlegga på ei tilråding frå Fiskerdirektoratet.

Fylkesmannen meiner vurderinga om at det er miljømessig forsvarleg å opna for meir oppdrett i Norhordland, byggjer på faktafeil. Innslaget av rømt laks i elvane i Midt- og Norhordland er allereie så høgt at det er kritisk for villaksen.

Les også: Fryktar slutten for lakse- og sjøaurestammar i Hardanger 19.11.2009

– Ikkje berekraftig

Det er vedteke at fiskeoppdrettsnæringa i Noreg skal vere berekraftig. Med dei store skadane som lakselus har gjort på lakse- og sjøaurestammane dei seinare åra i Hordaland, og med dei store mengdene med rømt laks, er det langt frå at næringa driv miljømessig forsvarleg, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

Ein ytterlegare auke vil gjere arbeidet med å gjere næringa berekraftig endå vanskelegare, meiner han.

– Manglar i rømningsstatistikken

– Det er nytta argument som at det er rapportert inn lite rømt fisk frå Midthordland, slik at det problemet er lite i denne regionen, skriv fylkesmannen.

– Fylkesmannen vil vise til at dei fleste tilfella av rømmingar frå fiskeoppdrettsanlegg i Hordaland den seinare tid, ikkje har vore meldt om frå oppdrettar, uttalar fylkesmannen.

– Dei har såleis ikkje kome med på rømingsstatistikken til Fiskeridirektoratet, uttalar Fylkesmannen i Hordaland.