Fekk ros for torske-oppfinning

Vevos Aqua AS og Kjell Lyder Risnes har funne opp eit lys som kan gje store framsteg innan torskeoppdrett.

Sverre Andreas Holbye i firmaet Include AS i Bergen fekk tittelen årets oppfinnar i Hordaland for produktet TextPilot, eit skrivestøttetprogram, som lettar lese- og skrivearbeidet. Samstundes vart Vevos Aqua AS og Kjell Lyder Risnes tildelt heiderlig omtale frå Hordaland fylkeskommune, for flåten Ecosky Lightraft.

Å utvikla tiltak for å utsetja kjønnsmogning er ei sentral utfordring innan torskeoppdrett. Tilførsel av lys er ein metode for å utsetje kjønnsmogninga.

– Enklare lysstyring

Vevos Aqua AS har utvikla ein flåte kalla Ecosky Lightraft (Lysflåten) som inneheld kraftige lyskastarar som lyser nedover. Ved hjelp av asymmetriske reflektorar skal lyset dekkje heile merden. Dette er meir naturleg for torsken enn dei løysingane som finst på marknaden no. I tillegg vil merden vere meir ryddig, med mindre vedlikehald og forstyrringar for torsken. Produktet kan gjere lysstyring enklare og meir praktisk også for laks, heiter det i omtalen.

Risnes har inngått ein samarbeidsavtale med Havforskningsinstituttet for å teste og dokumentere dei biologiske effektane av oppfinninga. Den kan vera med å auka lønsemda i heile oppdrettsnæringa, og produktet bør såleis ha eit stort marknadspotensial. Tysdag 8. desember fekk han heiderleg omtale for oppfinninga av fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg.

Fylkesordføraren peika på at satsing på marin næring er eit prioritert område i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland då ho delte ut diplom og blomar til Risnes.

Arkivfoto: Kjell Lyder Risnes med utstilling av Ecosky Lightraft (Lysflåten). Foto: Vevos Aqua ASArkivfoto: Kjell Lyder Risnes med utstilling av Ecosky Lightraft (Lysflåten). Foto: Vevos Aqua AS