Det vart sett i verk ein storstilt bergingsoperasjon for å hindre lakserøming då eit oppdrettsanlegg, fullt av laks, sleit seg i Vindafjorden i Tysvær.
Det var eit av oppdrettsanlegga tilhøyrande Marine Harvest, med 3500 tonn laks, som sleit seg natt til måndag.
Anlegget blei redda, uten øydeleggingar eller tap av fisk, men ulykka kunne fått dramatiske følgjer, seier seniorrådgjever Onar Gudmundsen i Fiskeridirektoratet, til NRK Rogaland.
Skuldar på Norsk Standard
Marine Harvest har fleire oppdrettsanlegg i det same området, og skal no undersøke kvifor anlegget sleit seg. Men allereie no synes selskapet å ville fråskrive seg delar av ansvaret for uhellet.
– Hendinga viser at den tekniske kvaliteten på anlegga er så god, at dei tåler slike ekstreme påkjenningar, og det er godt å veta, seier kommunikasjonsdirektør hos Marine Harvest ASA, Jørgen Christiansen.
Christiansen er derimot kritisk til Norsk Standard for oppdrettsanlegg, som han meiner ikkje er god nok når det gjeld oppankring.
– Difor vil me ta opp dette med Rømmingskommisjonen, slik at standarden kan endrast for heile næringa, seier Christiansen.
NS 9415
Fisk.no har tidlegare omtala standarden for flytande oppdrettsanlegg, og at ein ny standard tok til å gjelde frå 10. november 2009.
Les også: Ny standard for flytende oppdrettsanlegg 13.11.2009
Det har vore ei rekkje kjettingbrot i oppdrettsnæringa dei siste åra, og Rømmingskommisjonen for Akvakultur (RKA) meiner at dette skuldast at det er nytta kjetting som ikkje er eigna for oppdrettsformål.
Les også: – Uegnet kjetting brukt til oppdrettsanlegg 20.11.2009