Avslag for Firda Sjøfarmer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve avslag på to søknader frå Firda Sjøfarmer, om nye løyve etter ureiningslova, for lokalitetane Vesøy og Kjerringneset i Gulen kommune.

Det vart søkt om utviding av produksjonen til 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB) av laks og aure på begge lokalitetane.

Gjeldande løyve på Vesøy er på 1300 tonn MTB, og på Kjerringneset 1560 tonn MTB. Avslaga er grunngjeve med miljøtilstanden på lokalitetane.

Kjerringneset

Fylkesmannen viser til miljøgranskingar og peikar på at utviklinga for miljøtilstanden i sedimentområda ved lokaliteten, etter alt å døme har vore negativ frå 1999 til 2005.

– Det kan sjå ut til at ein kan vere på grensa til lokaliteten si tolegrense allereie med den produksjonen som går føre seg på lokaliteten i dag. Fylkesmannen si vurdering ut i frå den dokumentasjonen som er lagt fram, er difor at det ikkje er miljømessig forsvarleg å doble produksjonen som omsøkt på lokaliteten Kjerringneset, skriv fylkesmannen i avslaget.

Vesøy

Resipientgranskingane tyder på at lokaliteten Vesøy er sårbar for organisk materiale, men hittil er det ikkje påvist at produksjonen har medført vesentleg miljøforringing ut over sjølve anleggsområdet og nærsona til anlegget, meiner fylkesmannen.

– Resultata frå miljøgranskingane tyder på at ein allereie med dagens produksjonsgrense kan vere på veg til å nå miljøet si tålegrense på lokaliteten. Auken på 1820 tonn MTB er stor i høve til dagens avgrensing på 1300 tonn MTB. Fylkesmannen si vurdering ut i frå den dokumentasjonen som er lagt fram, er difor at det ikkje er miljømessig forsvarleg å uke opp produksjonen på lokaliteten Vesøy som omsøkt, skriv fylkesmannen i avslaget.

Oppdrettaren har ein frist på 3 veker om han vil klage på vedtaka.