Tillet Marine Harvest å utvide på Haukå

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Marine Harvest Norway AS som ønskjer å auke sin setjefiskproduksjon på lokaliteten Haukå i Flora kommune.

2.5 mill. smolt

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 1 mill. setjefisk, og har søkt om utviding til 2,5 mill. setjefisk av laks og aure.

Omrekna til biomasse tilsvarer dette 236 tonn i året. Løyvet er gjeve med vilkår om m.a. reinsing av avløpet og overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, dette vert avgjort av Fiskeridirektoratet Region Vest/ Sogn og Fjordane fylkeskommune.