Startar redningsaksjon for Vossolaksen

Det vert no teke initiativ til ein redningsaksjon for Vossolaksen, som er nær utrydda.

Vossolaksen er verdast største atlantiske laks og representerer ein viktig verdi både som natur- og kulturarv.

Det er Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og Voss kommune som står for initiativet. Utgangspunkt er omfattande undersøkingar og auka kunnskap om bestanden.

– Verdas største atlantiske laks

Vossolaksen er unik i verdssamanheng på grunn av rask vekst og langt opphald i havet. Den gav før i tida grunnlag for eit rikt sjølaksefiske, og inntekter frå tilreisande sportsfiskarar langs vassdraget.

Noreg har ei særskilt plikt til å ta vare på laksestammene våre, og her står Vossolaksen i ei særstilling, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

Det er utarbeidd ein 10-årig redningsplan basert på omfattande undersøkingar av bestandssituasjonen og trusselfaktorar. Den opphavlege Vossolaksen er teke vare på i dei nasjonale genbankane i Eidfjord og Haukvik.

Reetablering og gjenoppbygging av bestanden i Vossovassdraget må vere basert på ein storstilt tilbakeføring av genbankmaterialet i form av utsetting av rogn, yngel og smolt.

Utfordringar

– Forskingsresultat tilseier at dei to mest kjente, akutte trusselfaktorane i dag er innkryssing av rømt oppdrettslaks, og angrep av lakselus frå fiskeoppdrett. Begge desse truslane må ein handtere gjennom koordinerte tiltak. Dette er ein føresetnad for at redningsaksjonen skal lukkast, uttalar fylkesmannen.

Det er òg ei stor utfordring å finansiere tiltaka og den vidare forskinga, og å avdekke eventuelle andre faktorar som er vesentlege for Vossolaksen sin tilbakegong.