Fiskeri- og kystdepartementer har i dag endra regelverket, med bakgrunn i at fylkeskommunane frå nyttår skal overta ansvaret for saksbehandlinga av havbrukssøknader.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett endringar i akvakulturregelverket ved å fastsette ei ny forskrift om endring i forskrift om internkontroll for å oppfylle akvakulturlovgivningen (IK-Akvakultur).
Tildelingsrelaterte oppgåver blir overførte frå Fiskeridirektoratet sine regionkontor til fylkeskommunane. Endringane følgjer opp Stortinget sitt vedtak om gjennomføring av forvaltningsreforma og trer i kraft 1. januar 2010, melder Fiskeri- og kystdepartementet.
Fylkeskommunane skal no behandle søknader om akvakulturløyve i første instans. Fiskeridirektoratet sentralt skal vere klageinstans for vedtak gjorde av fylkeskommunane og førsteinstansbehandle søknader om spesialløyve.
Forvaltningsreforma inneber ingen materielle forskriftsendringar. Akvakulturregelverket ligg fast, og den faglege skjønnsutøvinga er verken innskrenka eller utvida som følgje av forvaltningsreforma. Saksbehandlinga skal framleis liggje innanfor dei rammene som Fiskeri- og kystdepartementet fastset.
Les også: Holdt erfaringssamling for fylkeskommuner 18.12.2009
Les også: Vellykka infomøte om nytt akvakulturregime 18.12.2009