Fiskeri- og kystdepartementet innfører nye føresegner for løyve til akvakultur av laks, aure og regnbogeaure til særlege formål.
Dei nye føresegnene om spesialløyve, gjeld oppdrettsløyve til undervisningsformål, fiskepark, slaktemerd og visning.
Bakgrunnen for endringa, er behovet for ei oppdatering og fornying av regelverket.
– Endringane er ei oppfølging av strategien for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring, der skiljet mellom kommersielle og fellesskaplege løyve er tydeleggjort, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.