Eksportpris kr 28,95 i veke 51

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 50 til veke 51.

I veke 51 2009 var eksportprisen for fersk laks 28,95 kroner per kilo, ein oppgang på 1,7 prosent samanlikna med ei veke tidlegare, syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 51 enda på 17 766 tonn, ein oppgang på 6,7 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 16 657 tonn.

I veke 51 vart det eksportert 1 002 tonn frosen laks, og prisen var 32,49 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
51 17 766 28,95 1 002 32,49
50 16 657 28,48 1 685 31,98
49 15 027 27,69 1 221 31,60
48 14 963 28,55 988 31,35
47 14 181 28,20 1 403 31,88
46 12 702 28,52 922 33,87
45 11 732 27,72 1 397 32,85
44 12 408 27,51 1 153 32,08
43 12 351 26,07 1 078 32,20
42 12 246 26,81 1 038 33,34