Eksportpris kr 30,88 i veke 53

Eksportprisen for fersk laks gjekk litt opp frå veke 52 til veke 53.

I veke 53 2009 var eksportprisen for fersk laks 30,88 kroner per kilo, ein oppgang på 0,7 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 53 enda på 7 552 tonn, ein nedgang på 8,6 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 8 265 tonn.

I veke 53 vart det eksportert 388 tonn frosen laks, og prisen var 32,82 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
53 7 552 30,88 388 32,82
52 8 265 30,68 425 32,63
51 17 766 28,95 1 002 32,49
50 16 657 28,48 1 685 31,98
49 15 027 27,69 1 221 31,60
48 14 963 28,55 988 31,35
47 14 181 28,20 1 403 31,88
46 12 702 28,52 922 33,87
45 11 732 27,72 1 397 32,85
44 12 408 27,51 1 153 32,08