– Rekordlåge elvefangstar i Hordaland

HORDALAND: 2009 gjekk inn i historia med den lågaste elvefangst av laks nokon gong, og mellom dei lågaste for sjøaure.

Det vart teke opp berre 4729 kg laks og 3017 kg sjøaure i elvane i Hordaland i 2009, om då ikkje fangsttala er underrapporterte. I tillegg vart det fanga 583 kg laks og 343 kg sjøaure, som vart sett ut att.

Dette er den lågaste fangst av laks i elvane i Hordaland nokon gong, om ein ser bort frå 1988, og mellom dei lågaste for sjøaure, melder Fylkesmannen i Hordaland.

– Verst i Hordaland

For sjøaure er tilstanden betre nord i fylket enn i sør. Hordaland er det fylket der villaksen har hatt den største tilbakegongen dei siste 20 åra, og der laksestammane er mest trua.

Dette heng saman med at Hordaland er det største oppdrettsfylket, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

Oppdrettslaksen påverker fangststatistikken

Nedgongen i fangstane synest ikkje så godt i fangststatistikken for heile fylket. Årsaka er dels at den eldre statistikken er mangelfull, og at det har vore mykje rømt laks i fangstane dei seinare åra, uttalar fylkesmannen.

Sidan 1999 viser undersøkingar frå Rådgivende Biologer at innslaget av oppdrettslaks har variert mellom 10 og 30 prosent i lakseelvane. I tillegg vert det fanga mykje rømt laks i elvar utan laksebestand. Gytefiskteljingar som LFI-Unifob har gjennomført om hausten syner likevel tydeleg den kritiske tilstanden.

Dei låge fangsttala dei siste åra speglar tilstanden med svært lite gytefisk i elvane i Hordaland.

Stengt for fiske i mange elvar

Etter fylkesmannen sitt framlegg til ny fiskeforskrift, vil no i alt 11 av 18 laksestammar i fylket bli freda. Årsaka er at det er for få gytefisk og for høg del rømt laks.

Ei rekke andre elvar er òg stengt for fiske. Fylkesmannen har gjort framlegg om at fiske etter sjøaure vert stogga i alle bekkar og elvar i midtre Hardangerfjord frå og med Øysteseelva til og med Omvikedalselva. Dei 7 lakseelvane som framleis vil vere opne for fiske, vil få redusert fiskesesong.

– Lakselus er viktigaste årsak til stenging

Av dei 11 elvane der villaksen er freda, er det rømt laks frå oppdrettsnæringa og lakselus som er hovudårsaka i åtte av elvane, fortel fylkesmannen. For dei tre andre er det mogeleg at også andre årsaker har hatt ein vesentleg verknad.

Av dei mange elvane som vil bli stengde for fiske etter sjøaure, er det lakselus som er årsaka, uttalar fylkesmannen. Det er to unntak, og det er Omvikedalselva i Kvinnherad og Frugardselva på Stord. Her har det vore fiskedød grunna lokal forureining, opplyser Fylkesmannen i Hordaland.