Planlegg utviding av Imsland Smolt

VINDAFJORD: Marine Harvest Norway AS vurderar å utvide ved datterselskapet Imsland Smolt AS, og søkte i fjor høst om konsesjon for fem millionar settefisk.

– Dette er ein av lokalitetane som blei etablert på midten av 80-talet, og som me no vurderer å gjere noko med. Per i dag er det eit kveiteanlegg her, men me har søkt om konsesjon på settefiskanlegg for laks, seier Ørjan Tveiten til Grannar.no.

– Anlegget ligg i planane våre og har gjort det lenge, men per i dag er det ikkje noko fastsett tidspunkt for utviding, seier Tveiten.

Med utbygging for produksjon av fem millionar smolt, vil prosjektet få ein prislapp på om lag hundre millionar kroner, og vil vere basert på eit samarbeid med Fjellkraft AS, om bruk av vatn frå Imsland Kraftverk, skriv nettstaden.