Eksportpris kr 29,82 i veke 1

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned frå veke 53 til veke 1.

I veke 1 i 2010 var eksportprisen for fersk laks 29,82 kroner per kilo, ein nedgang på 3,4 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 1 enda på 11 067 tonn, ein oppgang på 46,5 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 7 552 tonn.

I veke 1 vart det eksportert 456 tonn frosen laks, og prisen var 32,54 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
1 11 067 29,82 456 32,54
53 7 552 30,88 388 32,82
52 8 265 30,68 425 32,63
51 17 766 28,95 1 002 32,49
50 16 657 28,48 1 685 31,98
49 15 027 27,69 1 221 31,60
48 14 963 28,55 988 31,35
47 14 181 28,20 1 403 31,88
46 12 702 28,52 922 33,87
45 11 732 27,72 1 397 32,85