Hordaland opprettar fond for laksemillionane

Hordaland fylkeskommune skal for pengar innbetalt frå fem lakseoppdrettarar, opprette ei tilskotsordning med sikte på vidare utvikling av dei marine næringane i fylket.

Det vedtok fylkesutvalet i dag torsdag 21. januar.

I samband med tildelinga av nye løyve til matfisk av laks og aure i 2009, har regjeringa fastsett at deler av vederlaget for desse løyva skal tilfalle fylkeskommunane som frie midlar.

Aktørane som fekk konsesjon må betale 8 millionar kroner til staten for kvar konsesjon, til saman 40 millionar kroner.

Dette er midlar som oppdrettarane må yte i tillegg til vanleg selskapsskatt.

Av desse midlane får Hordaland fylkeskommune tilført 3 millionar for kvart løyve. Dei fem løyva som i 2009 vart tildelt i Hordaland, medføre såleis at Hordaland fylkeskommune via staten får tilført 15 millionar kronersom fylkeskommunen kan fordele til gode prosjekt og tiltak.

Bidragsytarar

Her er lista over oppdrettarar som kvar tilfører staten 8 millionar kroner i vederlag:*

Aktør Kommune**
Fjord Drift AS Bergen
Hennco Laks AS Øygarden
Langøylaks AS Austevoll
Telavåg Fiskeoppdrett AS Sund
Troland Fiskeoppdrett AS Austevoll


* Under føresetnad av at moglege klager ikkje føre til endringar i endeleg tildeling.
** Kontorkommune

Les også: Fem matfiskkonsesjoner tildelt i Hordaland

Tidlegare har Troms fylkeskommune fordelt 23 millionar som dei via staten, fekk overført frå opprettarane. Troms valde ei noko annleis ordning enn Hordaland, med fordeling til meir genrelle tiltak.

Les også: Troms fordelte 24 mill. fra oppdrett21.10.2009

Skal utarbeide retningsliner

Hordaland Fylkeskommune skal utarbeide retningsliner for tilskotsordninga i nært samarbeid med kommunane og næringa. Fylkesutvalet skal deretter vedta kriterium for bruk av midlane.

Fylkesutvalet ber om at ein i dialogen med kommunane vurderer om ein mindre del av vederlaget bør overførast som direkte tilskot til vertskommunane for nye konsesjonar.

Fylkesutvalet ber også om at ein har særskilt fokus på utdanningstilbodet og rekruttering til marin sektor, samt miljøutfordringane knytt til næringa.

Skal knytast til regionar og fjordområder

Mange av hovudutfordringane innan havbruksnæringa er knytte til regionar/fjordområde heller enn til
einskilde kommunar, heiter det i saksutgreiinga.

Det vert skissert at tilskotsordninga primært skal rettast inn mot på følgjande typar tiltak:

  • Samarbeid med kommunane eller grupper av kommunar om forvaltingsplanar for akvakultur.
  • Samarbeid med havbruksnæringa for å stimulere til kunnskapsutvikling som sikrar høgare presisjon for lokalisering av nye næringar.
  • Tiltak til å styrkja utdanningstilbodet og til rekruttering til marin sektor.
  • Uvikla ei best muleg regional forvalting av akvakulturnæringa, og samarbeid med næringa.