Nytt utsleppsløyve til Sogn Aqua

HØYANGER: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gar gjeve nytt utsleppsløyve til Sogn Aqua på lokaliteten Slantevika, der selskapet ønskjer å etablere landbasert oppdrett av kveite.

Fylkesmannen har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Sogn Aqua AS som ønskjer å etablere landbasert matfiskproduksjon av kveite på lokaliteten Slantevika i Høyanger kommune.

Løyvet gjeld for ein produksjon på inntil 200 tonn årleg. Dei første åra vil produksjonen vere vesentleg lågare enn dette. Når anlegget kjem i ordinær drift, vil Fylkesmannen gjere ei ny vurdering av krav om reinsing av utsleppa til sjø.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, dette vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.