Ei undersøking i fjor viste auke av kvikksølv i abbor. No viser det seg at dette også gjeld for aure.
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vil få gjennomført nye undersøkingar for å finne ut kvifor omfanget av kvikksølv aukar i ferskvassfisk.
På oppdrag frå Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT) har Norsk institutt for vannforskning (NIVA) kartlagt konsentrasjonane av kvikksølv i aure i 17 innsjøar. Direktoratet har valt ut 14 innsjøar i Sør-Norge utan lokale forureinsningskjelder, der ein tidlegare har undersøkt miljøgifter i fisk.
Les også: Mer kvikksølv i ferskvannsfisk 08.11.2009
Innsjøar som er undersøkt for kvikksølv i aure. Grå punkt markerar tre innsjøar som berre er undersøkt i 2008. Kart: NIVA
Høgare nivå av kvikksølv
Resultata viser at i 2008 var konsentrasjonane av kvikksølv høgare for åtte av dei 14 innsjøane. Kun for ein innsjø kan det påvisast ein reduksjon.
Generelt ser det ut til at abbor inneheld meir kvikksølv enn aure i prøvar henta frå same vatn, opplyser Klima- og forureiningsdirektoratet.
Auken av kvikksølv stadfestar ein klar tendens som er observert i Søraust-Norge og i Sverige. Årsaka er enno uklar. Det kan ikkje vere snakk om atmosfærisk tilførsel, fordi denne har avteke dei siste åra.
Klima- og forureiningsdirektoratet vil få gjennomført nye granskingar for å forsøke å finne årsaka til auken av kvikksølv.
– Vi vil også følge med på forskning og samarbeide med svenske og finske miljøstyresmakter på dette området, seier Ellen Hambro, direktør for i Klima- og forureiningsdirektoratet.