Fiskeridirektoratet sitt kontor i Ålesund melder om røming av laks frå eit oppdrettsanlegg i Voldsfjorden.
I Voldsfjorden er det dei siste dagane, fiska oppdrettslaks med pellets i magesekken, skriv avisa Møre.
Fiskeridirektoratet fekk tidlegare denne veka melding om garnfiske av firekilos oppdrettslaks i området ved Velsvika. Fisken hadde pellets i magesekken, noko som kan tyde på at det var laks som nyleg hadde rømt frå eit anlegg i nærområdet.
– Vi varsla med ein gong dei to anlegga som ligg nærast, Akvafarm Vartdal (Aqua Farms Vartdal AS, red.anm) i Velsvika og Marine Harvest i Sandvika. Men ikkje noko tyder på at det er røming frå desse anlegga.
Det seier Jan Erik Rønneberg ved Fiskeridirektoratet sitt kontor i Ålesund, til avisa.
– Det vi difor er ute etter no, er at om nokon i området får oppdrettsfisk, - så ønskjer vi å få melding om det. Og at dei også tek vare på fisken slik at vi kan få teke prøve av den, oppmodar Jan Erik Rønneberg.
Marine Harvest ASA er inne på eigarsida også i selskapet Aqua Farms Vartdal AS, der dei eig 50 prosent av aksjane.