Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 3 til veke 4.
I veke 4 i 2010 var eksportprisen for fersk laks 29,69 kroner per kilo, ein oppgang på 2,7 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.
Eksportkvantumet for fersk laks i veke 4 enda på 10 967 tonn, ein oppgang på 0,7 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10 891 tonn.
I veke 4 vart det eksportert 1 098 tonn frosen laks, og prisen var 31,86 kroner per kilo.
Fersk laks | Frosen laks | |||
Veke | Tonn | Kr/kg | Tonn | Kr/kg |
4 | 10 967 | 29,69 | 1 098 | 31,86 |
3 | 10 891 | 28,92 | 1 003 | 31,70 |
2 | 11 808 | 28,17 | 674 | 32,08 |
1 | 11 067 | 29,82 | 456 | 32,54 |
53 | 7 552 | 30,88 | 388 | 32,82 |
52 | 8 265 | 30,68 | 425 | 32,63 |
51 | 17 766 | 28,95 | 1 002 | 32,49 |
50 | 16 657 | 28,48 | 1 685 | 31,98 |
49 | 15 027 | 27,69 | 1 221 | 31,60 |
48 | 14 963 | 28,55 | 988 | 31,35 |