Fiskeridirektoratet trekkjer motsegn

EID: Etter at Norsk Marin AS søkte på eit område avsett til akvakultur i kommuneplanen, laga Eid kommune ein reguleringsplan for å fjerne dette akvakulturområdet.

Fiskeridirektoratet er svært kritisk til Eid kommune si handtering av denne saka. Direktoratet fremja i utgangspunktet motsegn. Etter ei samla vurdering finn Region Vest grunnlag for å trekkje motsegna, melder Fiskeridirektoratet.

Kommunen sin planprosessen i Lefdalsvika har vore langvarig og innfløkt. Eid kommune har gått frå kommuneplan med akvakulturområde til forslag til reguleringsplan utan akvakulturområde, med akvakulturområde og no til slutt utan akvakulturområde.

Grunnen til at Eid kommune no ynskjer å fjerne akvakulturområdet er store protestar frå bygdefolket etter at Norsk Marin AS sendte inn søknad om torskeoppdrett. Desse argumenta mot akvakultur i Lefdalsvika var ikkje framme i kommuneplanprosessen.

Vil bruke gruvene til datalagring

Vidare har det kome fram at eit akvakulturanlegg i Lefdalsvika vil vere i konflikt med næringsinteresser som både kommune og lokalsamfunn ynskjer å fremje. Næringsinteressene gjeld firmaet LocalHost som ønskjer å utnytte dei nedlagte olivingruvene i Lefdal til storstilt datalagring.

Dei treng då mellom anna eit kjølesystem med røyr på botnen i vika, som vil kome i konflikt med eit akvakulturanlegg.

Treng god planlegging

Fiskeridirektoratet tykkjer at prosessen har vore særs uryddig. Dette har gitt ein planprosess som er uoversiktlig og vanskeleg for utanforståande å innrette seg etter. For næringsinteresser av den type som Norsk Marin AS representerer er det avgjerande å kunne innrette seg etter vedtekne kommune- og reguleringsplanar.

Fiskeridirektoratet forventar at Eid kommune unngår slike situasjonar i framtida. Likevel finn Fiskeridirektoratet det problematisk å krevje at kommunen skal halde seg til ein plan der det i etterkant har kome fram sterke interesser som ikkje var kjent under planprosessen og som difor kan medføre uheldige resultat.

Trekkjer motsegna

Søknaden frå Norsk Marin AS hadde ikkje kome lenger enn til behandling i kommunen. Vurdert saman med andre moment har Fiskeridirektoratet region Vest difor valt å trekke motsegna.

For Fiskeridirektoratet er det likevel viktig å formidle at det er viktig at både dei næringsinteresser dette får følgjer for og andre som vert råka av planar, forstår kor viktig det er å engasjere seg tilstrekkeleg i planprosessar som gjeld kystsone og sjøareal.

Vidare må kommunane syte for tilstrekkeleg opplysing om planane, meiner Fiskeridirektoratet.