Nytt utsleppsløyve til Steinvik Fiskefarm

ASKVOLL: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Steinvik Fiskefarm AS, som ønskjer å auke sin matfiskproduksjon på lokaliteten Kviteskjeret.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 2.340 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 3.120 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, dette vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.