Fylkesmannen kritiserar oppdrettar

FLORA: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve E. Karstensen Fiskeoppdrett AS mellombels løyve til utviding av matfiskproduksjonen på lokaliteten Langeråa.

Men oppdrettaren må tåle kritikk frå fylkesmannen.

E. Karstensen Fiskeoppdrett AS har no fått løyve til mellombels utviding av lokaliteten, frå 2.340 tonn MTB til 3.120 tonn MTB fram til 30. april 2010.

Det gjeldande utsleppsløyvet for 2.340 tonn MTB, vart gjeve til E. Karstensen Fiskeoppdrett AS i 2005.

Det mellombelse løyvet er gjeve med vilkår om overvaking av miljøtilstanden i resipienten ved avslutning av produksjonen i 2010.

Løyvet er gjeve etter ureiningslova, og er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, dette vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ny konsesjon

E. Karstensen Fiskeoppdrett AS driftar anlegget i samdrift med Karma Havbruk AS og Marø Havbruk AS. Bak selskapa E. Karstensen Fiskeoppdrett AS og Marø Havbruk AS, står høvesvis familiane Karstensen og Sveen, med Geir Karstensen og Elin Tveit Sveen i spissen. Karma Havbruk AS er eit selskap dei har i fellesskap.

Tveit Sveen er godt kjend i oppdrettsnæringa, mellom anna som nestleiar i Vestnorsk Havbrukslag, som er ein del av Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL).

Karma Havbruk AS fekk i 2009 tildelt ein ny konsesjon for oppdrett av laks og aure, og har søkt om utviding av lokaliteten til 3.120 tonn MTB, men denne søknaden er ikkje ferdig handsama i forvaltninga.

Fylkesmannen kan ikkje slutthandsame søknaden om nytt utsleppsløyve, på grunn av manglande avklaring i høve til kommuneplanen sin arealdel, og saka er sendt tilbake til kommunen.

Les også: Fem matfiskkonsesjoner tildelt i Sogn og Fjordane 24.06.2009

– Har sett ut for mykje fisk

I tilsegnsbrevet omtalar fylkesmannen miljøtilhøva på lokaliteten som tilfredsstillande. Samtidig rettar fylkesmannen kritikk mot oppdrettaren, for å ha lagt opp til auka produksjon i anlegget før at det nye utsleppsløyvet har kome på plass.

– E. Karstensen Fiskeoppdrett AS/ Karma Havbruk AS/ Marø Havbruk AS har no meir fisk på lokaliteten enn det som kan førast fram innanfor gjeldande løyve, og søkjer om eit mellombels utvida løyve for produksjonen i 2010, heiter det i fylkesmannen si saksutgreiing.

– Fylkesmannen ønskjer ikkje at akvakulturanlegg skal basere drifta på mellombelse løysingar, og vil difor gje kritikk for at anlegget har auka opp produksjonen før nødvendige løyve er på plass.

– Ein søknad om utviding kan ikkje ta resultatet for gitt på førehand, presiserar fylkesmannen i brevet.