Nye fisketider i elvar i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har vedteke ny forskrift for fiske etter laks og sjøaure i vassdrag. Forskrifta innskrenkar fiskesesongen i mange elvar.

Innskrenkinga er ei følge av at tilstanden for fiskestammane er dårleg. Hovudårsaka til dette er er rømd laks og lakselus frå oppdrettsnæringa, uttalar fylkesmannen.

Les også: – Rekordlåge elvefangstar i Hordaland

Forskrifta vart sendt ut på høyring 1. desember 2009. Det kom ikkje mange innvendingar i høyringa. Den einaste endringa i høve til framlegget, er at fiskesesongen startar to veker tidlegare i Matreelva i Masfjorden, det vil seie 1. juli.

Det er usikkert kor mykje laks og sjøaure som kjem tilbake for å gyte i elvane i Hordaland i 2010. Nokre prognosar er sers pessimistiske. Fylkesmannen har difor oppfordra grunneigarlag og andre i den lokale forvaltninga til å følgje med og redusere fisket om det kan sjå ut til å bli for lite fisk til gytinga.

Les også: – Ikkje plass til meir lakseoppdrett i Hordaland

Les også: Fryktar slutten for lakse- og sjøaurestammar i Hardanger