Planlegg stort smoltanlegg

ASKVOLL: Marine Harvest ASA vil byggje ut 20 mål i Stongfjorden for å etablere eit nytt smoltanlegg.

Måndag kveld var det ope folkemøte i Stongfjorden, for at innbyggjarane skulle få informasjon om det planlagde anlegget. Rundt 90 personar møtte opp, skriv Firda.

Anlegget blir eit av dei største i landet, med plass til mellom 15 og 20 millionar setjefisk på 150 gram.

Og utsikter til mellom ti og femten arbeidsplassar, er noko som skapar optimisme i ei lita bygd.

– Planen er eit nytt og moderne smoltanlegg. Vi vil sjølvsagt leggje vekt på det estetiske på eit anlegg som er heilt nytt, og som skal liggje sentralt i bygda.

Det seier prosjektsjef Ørjan Tveiten i Marine Harvest ASA, som er verdens største oppdrettar av laks.

Planen er å leggje største delen av anlegget under tak, men nokre tankar, eller kar, vil også bli liggjande opne ute i friluft, men framleis er selsapet tidleg i planleggingsfasen.

Tveiten seier det er svært sannynlig at Marine Harvest vil etablere seg i Stongfjorden.

– Eg vil seie at det er svært sannsynleg, men eg kan sjølvsagt ikkje love noko endå. Det som kan komme i vegen, er offentleg handsaming, eller eit fall i lakseprisane, seier Tveiten.

– Planen er å byggje to nye smoltanlegg, og vi har tre alternativ til plassering. Eitt i Hordaland, eitt på Møre og så det her i Stongfjorden.

At vi allereie har sett i gong planprosessen her seier noko om at vi vil hit, fastslår Tveiten.