Gjev løyve til Firda Sjøfarmer

GULEN: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har etter klage, omgjort tidlegare vedtak om avslag på søknad om nytt løyve etter ureiningslova til Firda Sjøfarmer AS på lokalitet Kjerringneset.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av matfisk av laksefisk med inntil 1.560 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 3.120 tonn MTB. Fylkesmannen gav først avslag på søknaden, grunngjeve med miljøtilhøva på lokaliteten.

Etter klage og nye opplysningar i saka, har fylkesmannen likevel gjeve løyve. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten, opplyser fylkesmannen.

Les også: Avslag for Firda Sjøfarmer 18.12.2009

– Svært tilfredsstillande rehabilitering

Oppdrettsselskapet har i januar 2010 fått utført ei ny resipientgransking på lokaliteten.

Den konkluderer med at lokaliteten er ubelasta med tilførsel av organisk materiale, og at den har blitt rehabilitert på ein svært tilfredsstillande måte sidan 2008, då det sist var fisk på lokaliteten.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, dette vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.