Bekymra for små aktørar i oppdrett

FLORA: Fiskeoppdrettar Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk er bekymra for dei vilkåra småbedriftene i laksenæringa kan møte i framtida.

Torsdag 4. mars fekk ho besøk av fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen (Ap) torsdag morgon, skriv Firdaposten.

Kyst- og fiskeriminister Berg- Hansen med føgje vitja Marø Havbruk sitt anlegg vest for Svanøy i samband med den store havbrukskonferansen i Florø den 5. mars.

Familieverksemda Marø Havbruk, med sine tre fast tilsette og tre deltidstilsette, er ei rotekte hjørnesteinsverksemd på Svanøy, skriv avisa.

– Vi er veldig opptekne av struktureringa i havbruksnæringa og at dei små og mellomstore bedriftene får gode rammevilkår i framtida. Vi er særskilt bekymra dersom vi får ei liknande ordning som i Hordaland, med inndeling i geografiske soner med pålagt brakklegging, formidla Tveit Sveen til statsråden.

Dei skulle begge på havbrukskonferansen i Florø torsdag, som har eit omfattande program. Der er nettopp framtida for næringa eit viktig tema, skriv avisa.

Store aktørar med mange lokalitetar over eit stort distrikt, kan ha større fleksibiliet til å sjonglere med kva for lokalitetar som skal vere i drift, enn det små aktørar med eit fåtal lokalitetar kan.