Tok doktorgrad på laksestress

Silje Kittilsen frå Kviteseid disputerte 4. desember i fjor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB), med ei doktoravhandling om stress hos laksefisk.

Laks med mykje pigment i skinnet stressar mindre enn annan laks. Det er også funne indikasjonar på samvariasjon mellom mykje pigment og motstandsevne mot lakselus.

Under arbeidet med avhandlinga «Stress hos laksefisk; Kortisolresponsen og assosierte eigenskapar», har Kittilsen forsøkt å finne løysingar på utfordringar knytt til helse og trivsel hos laksefisk, skriv Vest-Telemark Blad.

Fisk lever i eit anna medium og manglar uttrykk menneske kan kjenne igjen. Difor er det vanskeleg å sjå om fisk er stressa og ikkje har det bra.

– Men akkurat som hos oss menneske, varierer òg stressreaksjonar frå laks til laks, fortel Silje Kittilsen til avisa.

Fisk med mykje pigment stressar mindre

For å kome fram til stressnivået hos fisken, tok Kittilsen og dei andre forskarane blodprøver for å måle nivået av stresshormonet kortisol. Dei har òg studert fiskens åtferd og inntak av mat.

– Arbeidet me har gjort kan vere nyttig til dømes i avlsarbeid på fisk. Det å avle fram fisk som reagerer mindre på stress, kan betre både helse og velferd, fortel Kittilsen.

– Me gjorde òg eit svært spennande funn i løpet av forskingsperioden. Det viste seg nemleg at den fisken som hadde mest pigment – altså flest av dei karakteristiske prikkane i skinnet – reagerte minst på stress, seier Kittelsen.

– Dermed fann me ein visuell indikator på fiskens stressnivå, noko som er gull verdt, seier Kittilsen.

Motstandsevne mot lakselus

Endå meir oppsiktsvekkande var eit anna funn, meiner Silje Kittilsen, sjølv om det enno ikkje er validert.

– Prikkmønsteret ser ut til å samsvare med resistens mot parasitten lakselus. Det ser ut til at lakselusa utviklar seg dårlegare på laks med mykje pigment i huda, fortel ho.

Dermed vil det i utveljingsarbeid i samband med avl, bli lettare å avgjere kva laks som er mest motstandsdyktig mot lakselus, skriv avisa.

Les også: – Laks arver motstandsevne mot PD og lus 18.02.2010

– Eg kjenner meg privilegert som har fått lov til å arbeide med og forske på det eg er interessert i. Å ha det å finne ny kunnskap som jobb, er utruleg gjevande, seier den unge forskaren, som no håpar å få ei forskarstilling innan fagområdet.