Høgare laksepris

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 10 til veke 11.

I veke 11 i 2010 var eksportprisen for fersk laks 36,65 kroner per kilo, ein oppgang på 2,2 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 11 enda på 11 921 tonn, ein oppgang på 2,4 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 11 640 tonn.

I veke 11 vart det eksportert 584 tonn frosen laks, og prisen var 36,76 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
11 11 921 36,65 584 36,76
10 11 640 35,87 652 35,38
9 10 902 35,37 508 35,53
8 9 293 33,76 654 35,54
7 10 891 34,88 917 35,49
6 10 929 34,23 883 33,72
5 10 826 31,84 982 33,02
4 10 967 29,69 1 098 31,86
3 10 891 28,92 1 003 31,70
2 11 808 28,17 674 32,08
1 11 067 29,82 456 32,54