Jølster Ørret er konkurs

JØLSTER: Selskapet Jølster Ørret AS skulle oppdrette jølstraaure, men etter fem års drift og utan å ha levert så mykje som ein fisk, gjev selskapet opp.

– Ein gong må ein ha vit til å seie stopp, seier eigar og dagleg leiar, Joar Dvergsdal, til avisa Firda.

Selskapet er konkurs etter oppbod. Fyrste skiftesamling skal haldast i Fjordane tingrett 7. mai 2010. Den totale gjelda er på 1,2 millionar kroner.

Jølster Ørret AS etablerte i 2005 det første oppdrettsanlegget for aure ved Jølstravatnet. Anlegget er landbasert og skulle ha ein kapasitet på 25 tonn årleg. Dei to-tre siste åra har det i fylgje Dvergsdal vore heller liten aktivitet.

– Eg har ikkje fått det til, men det hindrar ikkje at andre kan klare det. For meg var det eit uløyseleg problem at yngelen ikkje ville ete, seier Dvergsdal til avisa.

– Kanskje ville det vore mogeleg med å investere i meir utstyr, men for meg var det ikkje aktuelt, seier Dvergsdal.

Dvergsdal meiner at han har gjort eit ærleg forsøk på å skape næring. Han har sjølv skote inn 350.000 kroner av aksjekapitalen på 360.000 kroner.

– Vi ser nok eit utslag av at idéevna er større enn gjennomføringsevna, seier bustyrar adv. Odd Bovim i advokatfirmaet Blikra, Slotterøy & Fonn, til avisa.

No håpar bustyraren å selje eit oppdrettsanlegg som er vanskeleg å flytte.