NVE gjev løyve til Eitro kraftverk

FUSA: NVE gjev Eitro Kraftverk AS løyve til å byggje Eitro kraftverk i Eitro i Fusa kommune i Hordaland.

Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 9,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 500 husstandar, opplyser NVE i en pressemelding.

et vert ikkje gjeve løyve til å regulere Osadalsvatnet mellom kote 597 og 600.

Eitro kraftverk vil nytte eit fall på omlag 500 meter i Eitroelva. Kraftverket vert bygd med vassveg i sjakt og tunnel frå inntaksdammen og fram til kraftstasjonen. Inntaksdammen skal byggjast veglaust.

Eitroelva ligg innerst i Hålandsdalen og slepper seg utfor eit fjellplatå og ned ei bratt fjellside til den renn saman med Tveitaskarelva. I periodar med mykje vatn i elva utgjer Eitro eit markert fosselandskap. Fjellområdet er i dag urørt av tekniske inngrep, og det er gjeve stor verdi i den nyleg vedtekne fylkesdelplanen for småkraftverk i Hordaland. Området nede i dalen er sterkt prega av menneskeleg aktivitet og det er nyleg bygd eit kraftverk i nabovassdraget.

Av omsyn til høgfjellsområdet meiner NVE at Eitro kraftverk må byggjast utan å regulere Osadalsvatnet og ikkje oppdemme ein tilgrensande elveslette. Det skal og sleppas ei minstevassføring slik at fosselandskapet til ein viss grad kan oppretthaldast. Ei utbygging utan regulering av Osadalsvatnet vil også kunne gje fleire periodar med overløp i elva.

Med dei fastsete vilkåra meiner NVE at fordelane, gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 9,8 GWh, er større enn skadar og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Eitro kraftverk på fastsette vilkår.

Aurestamme i Osadalsvatnet

Bergen Turlag og Norges Jeger- og Fiskerforbund Hordaland (BT & NJFF) skreiv ein felles uttale til konsesjonssøknaden, der dei fråråda at det blei gjeve konsesjon, på bakgrunn av tap av inngrepsfri natur, landskapspåverknad og påverknad av aurestammen i Osadalsvatnet.

Dei meinte også at den omsøkte søknaden måtte sjåast i samanheng med Hordaland fylkeskommune sin fylkesdelplan for småkraftverk og ikkje handsamast no.

Dersom NVE skulle gje konsesjon, så anbefalte dei at det måtte bli ei utbygging etter alternativ 4, med inntak i elva og ingen regulering av Osadalsvatnet. Dei meinte at dette alternativet ville spare aurestammen i Osadalsvatnet og elveslettelandskapet med eit meandrerande elvelaup.