Statssekretær Vidar Ulriksen deltek på sjømatmessa i Brussel på opningsdagen 27. april.
Sjømatmessa i Brussel er ei av dei største messene i sitt slag, og svært viktig for sjømatnæringa i Noreg, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
Ulriksen sitt program startar med eit frukostmøte med Innovasjon Norge, og deretter vitjar han den norske standen.
På ettermiddagen skal han ha møter i Europaparlamentet, og om kvelden deltek Ulriksen på mottakinga i den norske EU-ambassadøren sin residens.
Måndag 26. april, deltek statssekretæren på "Master Conference" som vert arrangert av Eksportutvalget for Fisk, der blant andre Gøran Persson er ein av føredragshaldarane.