Vil drøfte bruken av kitinhemmarar

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen ønskjer ein gjennomgang av bruken av enkelte legemiddel i kampen mot lakselus.

Ein del oppdrettarar brukar såkalla kitinhemmarar i kampen mot lakselus. Tilgjengeleg kunnskap tilseier at normal og riktig bruk av desse preparata ikkje representer eit miljøproblem, meiner Berg-Hansen.

Ønskjer drøfte mogleg avgrensing i bruken

Berg-Hansen vil møte helse- og miljøvernstyresmaktene for å drøfte mogleg avgrensing i bruken, fram til ein har samla meir kunnskap om verknader av meir omfattande bruk av preparata.

– Dersom bruken skulle bli omfattande kan det føre til uakseptable miljøpåverknader. Derfor har eg teke initiativ til eit møte mellom fiskeri-, helse- og miljøvernstyresmaktene for å drøfte om, og eventuelt korleis, bruken av desse stoffa bør avgrensast fram til ein har kunnskap om verknaden ved meir omfattande bruk.

Det seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

Mattryggleik

Alle middel som i dag blir nytta mot lakselus i oppdrettsanlegg, er godkjente av Statens legemiddelverk (SLK). Som eit ledd i dette vert også miljøverknader og mattryggleik vurdert. SLK har uttalt at omfattande bruk av stoffa, vil kunne gi uakseptable verknader i norske fjordar.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) har sidan 2002 analysert fisk for innhald av ulike lusemiddel. Resultatet frå overvakingsprogrammet viser at det aldri har vore påvist restar av godkjente lusemiddel som overstig internasjonalt fastsette grenseverdiar i oppdrettsfisk til konsum. Mattilsynet har konkludert med at det er trygt å ete både oppdrettsfisk som er behandla med lusemiddel, og villfisk som beitar i område rundt anlegga.

Les også: – Mattryggheten ivaretatt 16.03.2010