Godt resultat for Alsaker

TYSNES: Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, oppnådde eit resultat før skatt på 183 millionar kroner i 2009.

Med ein omsetnad på 668 millionar, gjev dette ein resultatmargin på 27,4 prosent, med andre ord eit svært godt resultat økonomisk sett. Året før hamna driftsresultatet på minus 6,2 millionar. Alsaker er likevel berre måteleg nøgd med driftsutviklinga i 2009.

Konsernet sin omsetnad auka med kr 233 millionar, frå kr 435 millionar i 2008 til kr 668 millionar i 2009. Auken i omsetnad kjem både frå auke i slaktevolum og auke i salspris på laks, opplyser konsernet i ei pressemelding.

Driftsresultatet enda på kr 172 millionar, mot kr 41 millionar i 2008. Dette er ein auke på kr 131 millionar.

Produksjonsmessig har 2009 vore eit middels godt år for konsernet. Både produksjons- og slaktekvantum har auka monaleg samanlikna med 2008. Men også i 2009 hadde ein fleire nye utbrot av fiskesjukdomen PD (pancrease disease), samt fleire utbrot av IPN (infeksiøs pankreasnekrose). Likevel har dødsprosenten på grunn av PD, vore lågare i 2009 samanlikna med 2008. Dette skuldast mellom anna at all fisken som blir sett ut i sjøen blir vaksinert mot PD, opplyser Alsaker i meldinga.

Den internasjonale marknaden for laks har vore god i 2009. Det globale tilbodet av laks har vorte redusert i løpet av 2009 som ein konsekvens av den biologiske situasjonen i Chile. Redusert globalt tilbod har ført til ein høgare pris på laksen, som også Alsaker-konsernet har nytt godt av i 2009.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 405 millionar – noko som gjev ein eigenkapitalandel på 38 prosent.

Bakgrunn
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2009 5 smoltanlegg, 20 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. I 2009 produserte konsernet i overkant av 26.000 tonn laks, mot nesten 20.000 tonn året før. Ved utgangen av året hadde konsernet 146 tilsette.

Produksjonen i konsernet skjer i 12 kommunar: Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.