Ny doktorgrad om lakseprisar

Ny doktorgrad: Atle Øglend (28) forsvarer den 4. juni si doktorgradsavhandling ved UiS. Han har forska på prisvariasjonar i laksemarknaden.

Forskinga som ligg til grunn for doktorgraden, medverkar til den allereie intensive økonomiske forskinga på norsk oppdrettsnæring, skriv Universitetet i Stavanger (UiS) i ei pressemelding.

Øglend sin spesifikke medverknad ligg i å forstå dei kortsiktige marknadseffektane, som på grunn av manglande tilgang på data, har vore underrepresentert i forskinga. Denne avhandlinga merverkar til å jamne ut denne ubalansen, heiter det i pressemeldinga.

Avhandlinga har fått tittelen «An Analysis of Commodity Price Dynamics with Focus on the Price of Salmon».

Store prisvariasjonar

Olje og fisk er våre to største eksportvarer. Begge kategoriane varer har marknader med store variasjonar i pris. Desse prisvariasjonane verker inn på både einskilde selskap og samfunnet som heilskap.

Stipendiaten Øglend har i sitt arbeid arbeidd med å modellere dei kortsiktige variasjonane i råvaremarknader.

Formålet med modelleringa, er å forstå årsakene bak prisvariasjonane, samt korleis dei endrar seg, blir spreidd og absorberast over tid. Denne innsikta vil gjere næringsaktørar betre i stand til å handtere prisrørslene.

Olje og fisk

Hovudfokuset i avhandlinga har vore prisen på oppdrettslaks, men andre marknader som olje har òg blitt analysert.

I arbeidet har Øglend mellom anna avdekka korleis prisvariasjonen i laksemarknaden rører seg avhengig av sesongmønster i fiskevekst, etterspørsel og forteneste. Han har i tillegg synt korleis prisvariasjonane vert spreidd over marknader for ulike lakseprodukt.

Atle Øglend har fått rettleiing av to professorar ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging. Hovudrettleiar har vore Frank Asche, medan Ragnar Tveterås har vore medrettleiar.