Marine Harvest får utvide

GULEN: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Marine Harvest Norway AS som ønskjer å auke sin matfiskproduksjon på lokaliteten Hjartholm.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 3900 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova, opplyser fylkesmannen.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med løyve etter akvakulturlova, noko som vart gjeve av Sogn og Fjordane fylkeskommune den 20. mai 2010.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på avgjerda. Fristen for å klage er tre veker (rekna frå datoen for fylkeskommunen sitt vedtak etter akvakulturlova).

Marine Harvest Norway AS er et selskap i konsernet Marine Harvest ASA.