Kongen har i statsråd i dag godkjent dei fyrste planane for ei heilskapleg vassforvaltning.
– Med desse planane tek vi det fyrste ordentlege skrittet på vegen mot ei meir heilskapleg og samordna vassforvaltning, med klåre miljømål for vassdrag, grunnvatn, fjord og kystvatn, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Planane føreslår tiltak for korleis vi skal oppnå god tilstand i vatnet i løpet av dei neste seks åra. I denne fyrste fasen dekkjer planane om lag 20 prosent av vassførekomstane i Noreg.
Når det gjeld vassmiljø, har Noreg eit godt utgangspunkt. Det er mykje vatn og tilstanden i mykje av vatnet er god, men det finst også utfordringar. Det er nok å nemne sukkertaredauden, tørrlagde elvestrekningar, laks/lus og ureina sediment i fjordar og hamner.
Desse planane freistar å sjå dei ulike utfordringane i samanheng. Dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka skal gjennomførast fyrst, og det er ureinar, eller påverkar, som skal betale tiltakskostnadane. Planane er laga regionalt og lokalt, og skal også gjennomførast der.
Elleve fylkeskommunar er vassregionstyresmaktar, og skal leie arbeidet med gjennomføring av planane og utarbeiding av nye. Når planane i neste planrunde skal dekkje heile Noreg, vil arbeidet bli endå meir krevjande, og det er stor trong for kunnskap.
– Eg oppmodar alle til å engasjera seg i vassmiljøet sitt, seier Erik Solheim.