Nytt løyve til Atlantic Cod Farms

SELJE: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve Atlantic Cod Farms nytt utsleppsløyve for oppdrett av torsk.

Fylkesmannen har gjeve eit nytt løyve, etter ureiningslova, til Atlantic Cod Farms AS, som ønskjer å etablere matfiskproduksjon på lokaliteten Rekevika i Selje kommune.

Løyvet gjeld for ein produksjon av matfisk av torsk på inntil 2340 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB). Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument, med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les også: Nytt styre i Atlantic Cod Farms 18.06.2010